Stranda - Glesnes vassverk

Stranda - Glesnes vassverk

Stranda Glesnes vassverk vart bygd ut på midten av 1970 talet, utan noko form for reinsking eller desinfisering. Råvasskjelda er Grindavatn, som ligg 120 meter over havet, like nord for Førdesveten. I 1989 vart det bygd reinskeanlegg. Dette er eit kjemisk fellingsanlegg for fjerning av humus, med klorering for desinfisering og Natronlut for pH justering av vatnet.

I 2002 vart det bygd eit høgdebasseng på Berge for å sikre reserver til forsyningsområdet. Stranda Glesnes forsyner områda: Telavåg, Kausland, Glesnes, Golta, Tofterøy, samt fra Berge til Forland.

På sikt vil Stranda Glesnes verta eit reservevassverk for kommunen.