Kørelen vassverk

Kørelen vassverk

Kørelen vart oppgradert til hovudvasskjelde i Sund kommune. I samband med det vart det bygt eit nytt vassbehandlingsanlegg, Kørelen vassverk, som erstatta det tidlegare Eidesjøen vassverk.

Kørelen vassverk har råvassuttak på 70 meters djup og to hygieniske barrierar i vassbehandlinga: ozon/biofilter og UV-desinfeksjon. Kørelen vassverk vart opna i august 2005 og er det vassverket med størst kapasitet i kommunen. Eidesjøen vassbehandlingsanlegg fungerer i dag som naudvassverk.