Høgdebasseng

Høgdebasseng

Me har i dag seks høgdebasseng som ligg strategisk plassert i sentrale delar av kommunen. Dei ligg på Forland, Berge, Nipafjellet, i Preståsen og to i Midtstegen. Det første høgdebassenget vart plassert i Midtstegen og det vart ferdigstilt seint på 80 – talet. Høgdebassenget på Nipafjellet vart bygd i år 2000, medan Preståsen og Berge kom i drift i 2002. I 2017 vart det bygd eit nytt i Midtstegen samt eit på Forland.