vatn

Dei som er tilknytta det offentlege vassleidningssystemet vert forsynt frå Kørelen vassverk og Stranda-Glesnes vassverk. Vatnet vert ført ut til våre abonnentar ved hjelp av høgdebasseng og trykkøkningsstasjonar.

Kørelen vart oppgradert til hovudvasskjelde i Sund kommune. I samband med det vart det bygt eit nytt vassbehandlingsanlegg, Kørelen vassverk, som erstatta det tidlegare Eidesjøen vassverk.

Stranda Glesnes vassverk vart bygd ut på midten av 1970 talet, utan noko form for reinsking eller desinfisering. Råvasskjelda er Grindavatn, som ligg 120 meter over havet, like nord for Førdesveten.

Me har i dag seks høgdebasseng som ligg strategisk plassert i sentrale delar av kommunen. Dei ligg i Midtstegen, Preståsen, Berge, Forland og på Nipafjellet.

Telavåg vassverk og tilhøyrande høgdebasseng vart bygde i 1972. Det har vore fleire tiltak for å betra vassverket og høgdebassenget seinare.