Skjema for kartlegging av vatn- og avlaupstilknyting i Sund kommune

Dette skjemaet skal nyttast av dei som har motteke brev for kartlegging av vatn- og avlaupstilknyting i Sund kommune og som ynskjer å gje tilbakemelding elektronisk. Fyll ut skjemaet og send det på e-post til postboks@sundva.no

Last ned: Skjema for kartlegging


Skjema for vassmålaravlesning og informasjon om vassmålar

Dette skjemaet skal nyttast av dei som har motteke brev om vassmålar i Sund kommune og som ynskjer å gje tilbakemelding elektronisk. Fyll ut skjemaet og send det på e-post til postboks@sundva.no

Last ned: Skjema for vassmålar


Skjema A - Førespurnad om teknisk grunnlagsinformasjon

Dette skjemaet skal nyttast dersom ein ynskjer å tinge eit kartutsnitt frå det offentlege leidningskartverket, eller ynskjer annan relevant informasjon som grunnlag for prosjektering, søknad om førehandstilsegn, levering av røyrleggarmelding el.l. Skjemaet er primært tenkt nytta av røyrleggjarføretak, men kan også nyttast av private som ønskjer nærare informasjon om leidningsnettet i sitt nærmiljø.

Last ned: Skjema A - Førespurnad om teknisk grunnlagsinformasjon


Skjema B - Førespurnad om førehandstilsegn

Dette skjemaet skal nyttast ved frådeling av tomt. Det kan og nyttast ved førespurnad om førehandstilsegn for tilknyting til offentleg vass- og/eller avløpsleidning.

Last ned: Skjema B - Førespurnad om førehandstilsegn


Skjema C - Søknadsskjema for sanitærinstallasjonar, stikkleidningar og fellesleidningar

Dette skjemaet skal nyttast ved søknad om tilknytingsrett frå Sund VA i samband med gjennomføring av tiltak som er søknadspliktige etter plan- og bygningslova, som t.d. ved oppføring av næringsbygg, bustad eller hytte og ved gjennomføring av annan byggeaktivitet. Skjemaet skal vidare nyttast ved tiltak på vass- og avløpsleidningsnettet som ikkje medfører søknadsplikt etter plan- og bygningslova, og kor den som skal utfører tiltaket ikkje skal søkje Byggesaksavdelinga om løyve til gjennomføring av tiltak. Dette gjeld t.d. ved reparasjon av leidning, mindre omleggingar, fornying av leidningsnett osv. Dersom ein er tilknytt offentleg vass- eller avløpsnett, skal Sund VA registrere og godkjenne alle mellombelse og permanente tiltak på utvendig privat leidningsnett, samt ein del innvendige installasjonar som feitt- og oljeutskiljarar, vassmålarar, tilbakeslagsventilar m.m.

Last ned: Skjema C - Søknadsskjema for sanitærinstallasjonar, stikkleidningar og fellesleidningar


Skjema D - Innsending av sluttdokumentasjon

Dette skjemaet skal nyttast ved innsending av sluttdokumentasjon.

Last ned: Skjema D - Innsending av sluttdokumentasjo


Skjema E - Skjema for registrering av vassmålar

Dette skjemaet skal nyttast ved installasjon av vassmålar i bustad eller næringsbygg.

Last ned: Skjema E - Skjema for registrering av vassmålar


Skjema F - Skjema for registrering av feittavskiljar

Dette skjemaet skal nyttast som vedlegg til skjemaet "Førespurnad om førehandstilsegn" eller "innsending av sluttdokumentasjon" der det er aktuelt å installere ny feittavskiljar.

Last ned: Skjema F - Skjema for registrering av feittavskiljar


Skjema G - Skjema for registrering av oljeavskiljar

Dette skjemaet skal nyttast som vedlegg til "Førespurnad om førehandstilsegn" eller "innsending av sluttdokumentasjon" der det er aktuelt å installere ny oljeavskiljar.

Last ned: Skjema G - Skjema for registrering av oljeavskiljar


Drift og vedlikehald av felles privat leidning

Dette skjemaet nyttast for privat avtale om solidarisk ansvar for felles privat vatn- og/eller avlaupsleidning

Last ned: Skjema for drift og vedlikehald av felles privat leidning


Leggje leidning over annen manns eigedom

Dette skjemaet nyttast for privat avtale om å leggje vatn - og/eller avlaupsleidning over annan mann sin eigedom

Last ned: Skjema for å leggje leidning over annan mann sin eigedom