• Litlesangolt – Stølen
  • Litlesangolt – Stølen
  • Litlesangolt – Stølen

Litlesangolt – Stølen

Prosjektet var eit samarbeid mellom Sund VA, Sund kommune og Statens vegvesen. Det skulle sikra både vegutbygging og vatn til Klokkarvik. Sund VA låg vassleidning frå Litle Sangolt til Stølen. Gamle Klokkarvik vassverk vart lagt ned, og området fekk vatn frå det dåverande Eidesjøen vassverk.

I prosjektet var det 4,3 km samordna utbygging av vatn og veg. Vegen vart utbetra med fortau i Dommedalen. Det kom veglys og gang- og sykkelveg mellom Laksen og Stølen, og på delar av strekninga vart det lagt avlaupsleidning. Heile anlegget opna i mai 2002, men ein tok i bruk den nye vassleidningen eit halvt år tidlegare.