• Kleppe – Børnes
  • Kleppe – Børnes
  • Kleppe – Børnes
  • Kleppe – Børnes

Kleppe – Børnes

Eit spleiselag mellom Sund VA, Sund kommune og Statens vegvesen gjorde det mogleg med samordna utbygging på denne vegstrekninga. Det vart gjort vegutviding, utbygging av vatn og avlaup, veglys, gang- og sykkelveg og nytt reinseanlegg på Kleppholmen. Prosjektet var delt inn i tre deler og på gjekk i ein seks års periode.

Del I og II gjekk mellom Høyland og Kleppe. Dette var ein smal og utrygg veg. Etter utbygginga vart det to-felts veg med gang- og sykkelveg. Samtidig vart det lagt ned røyr for vatn og avlaup, slik at det kunne byggjast nye hus i området. Den nye vegen vart opna i februar 2004.


Del III omhandla vegpartiet frå Høyland til Børnes. Vegen vart utvida og opprusta med gang- og sykkelveg og vass- og avlaupsleidningar. Denne delen vart opna i august 2007.