• Nedre Børnes - Klokkarvik
  • Nedre Børnes - Klokkarvik
  • Nedre Børnes - Klokkarvik

Nedre Børnes - Klokkarvik

Samordna utbygging av veg og VA-anlegg på strekninga Kleppe - Børnes vart gjennomført i perioden 2001-2008, fordelt på tre etappar. I 2009 vart det i samarbeid med Statens vegvesen utarbeidd planar for vidare utbygging på denne strekninga fram til krysset til fergekaien. Kommunestyret godkjende finansieringsplanen i mars 2010. Det vart gjennomført opprustning av veg, fortau, vass- og avlaupsleidningar. Anlegget vart ferdigstilt i 2012.