• Eide - Vorland
  • Eide - Vorland
  • Eide - Vorland
  • Eide - Vorland

Eide - Vorland

Prosjektet Eide – Vorland var eit samordna veg og VA-anlegg utbygging. Planane vart utarbeidde i samarbeid med Sund kommune og Statens vegvesen. Vegstrekninga har ein lengde på ca 3,2 km. Det vart utvida til to køyrefelt, ny gang- og sykkelveg vart etablert og ein gjorde omlegging av avkøyrsler. I tillegg vart nytt veglysanlegg installert og ny vassleidning lagt.

Det vart i januar 2009 løyvt vegmidlar til delar av strekninga gjennom ein statleg krisepakke og anleggsarbeidet tok til i mai 2009. Vassleidningen som inngår, gjev grunnlag for å auka beredskapen med to reinseanlegg knytte til same ringleidningen. Det vart også lagt ned avlaupsrøyr for framtidige løysningar for avlaupsanlegg. Vegen vart offisielt opna i juni 2011.