29.08.2019

Dagleg leiar takkar for seg

Michal Forland sluttar i jobben som dagleg leiar i Sund VA. Han er vorte tilsett som dagleg leiar i DIHVA og me i Sund VA ser fram til å framleis samarbeida med han innafor VA-bransjen. Me ynskjer han lykke til i ny jobb. Knut Rune Torsvik er konstituert som dagleg leiar frå 1. september i Sund VA.