14.06.2018

Vegopning Eide - Kausland

Den 31.mai inviterte Sund VA til opning av den nye vegen frå Eide til Kausland. Det var rundt 25 deltakare på opninga med representantar frå Hordaland fylkeskommune, Statens vegvesen, Sund kommune, BKK, Haugen VVA og FM Gruppen som har vore entreprenør for prosjektet. Sjølve opninga vart gjort i Spildepollen av vår ordførar Kari-Anne Landro.