02.06.2016

Opning av Sund kommune sin fyrste rasteplass

Ordføraren opna Sund kommune sin fyrste rasteplass på Vorland fredag 27.mai 2016. Det var godt oppmøte med aktørar både frå Hordaland Fylkeskommune, Sund kommune, entreprenørar og frå næringslivet. Sund VA har stått for byggeledelse av rasteplassen. Det har vorte ein flott plass som me vonar vil verta brukt av både innbyggjarar og turistar.