30.11.2015

Vestlandets beste drikkevatn 2015

Sund Vatn og Avlaup AS vant prisen «Vestlandets beste drikkevatn 2015» i konkurranse med vassbehandlingsanlegg i heile landsdelen.

Vatnet kjem frå vårt vassbehandlingsanlegg i Kørelen. Til våren skal vi til Oslo og konkurrere med 8 andre regionsvinnarar om å ha "Noregs beste drikkevatn".

Det gode vatnet frå Sund VA AS, er mogleggjort av eit systematisk arbeidt over mange år. Riktig val av drikkevasskjelde, behandlingsanlegg, og ikkje minst ein systematisk fornying og utbygging av leidningsnettet, har gitt innbyggarane i Sund Vestlandets beste drikkevatn.

Sjå omtale i Vestnytt: http://www.vestnytt.no/aktuelt/Vatnet-fra-Korelen-best-pa-Vestlandet-363281.html