Vakttelefonen er bemanna døgnet rundt. Telefonen kan nyttast til å melda om feil og manglar i det offentlege vass- og avlaupssystemet, når det ikkje kan venta til neste arbeidsdag.
Oversikt over relevante skjema og forskrifter. Skjema skal nyttast dersom du ynskjer å få tilsendt teknisk grunnlagsinformasjon, skal søkja om tilknytingsrett eller liknande.
Sund vatn og avlaup AS er eit aksjeselskap som står for drift og utbygging av dei offentlege vass- og avlaupsanlegga i Sund kommune. Me legg stor vekt på kvalitet i våre anlegg.
Ynskjer du å bli varsla dersom vatnet i ditt område skal stengast? Registrer at du vil bli varslet så får du ein SMS dersom vatnet skal stengast.